18.06.10

Lov om barn og foreldre (barnelova).

Det er en del som lurer på hvordan man fastsetter farskap,og hva som står på papiret dersom moren bor sammen med en annen kvinne og barnet er blitt til ved kunstig befruktning.Et samtaletema som jeg møter ofte.

Har her hentet et utdrag fra barneloven:

Kapittel 2. Kven som er mor, far eller medmor til barnet
§ 2. Kven som er mor til barnet.



Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.
Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998).


§ 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap

Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.

Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.

Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.

Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at første leden andre setninga, no tredje leden, ikkje gjeld for barn fødd før 1 jan 1998), 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 9 april 2010 nr. 13 (i kraft 9 april 2010, etter res. 9 april 2010 nr. 500).

§ 4. Vedgåing av farskap eller medmorskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.


Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for

a) folkeregistermyndigheita

b) tilskotsfuten, dommaren eller det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

c) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet

d) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart

e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det, eller

f) jordmor eller lege ved svangerskapskontroll.

Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far.

Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre punktum. Mora skal få melding om vedgåinga. Dersom partane er usamde om farskapen, skal det offentlege fastsetje farskapen, jf. § 5. Departementet kan gje nærare reglar i forskrift.

Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.

Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.

Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar vedgå medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.


Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (i kraft 1 april 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 17 juni 2005 nr. 63 (i kraft 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).



§ 4a. Medmorskap til barnet



Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelige ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, vedgåing eller dom.

Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.

Føyd til med lov 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

§ 5. Ansvaret for det offentlege for å få fastsett farskapen eller medmorskapen.

Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.

Endra med lov 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).


§ 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane.

Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (i kraft 1 april 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).



§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann vedgår farskap.

Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann vedgår farskapen i samsvar med § 4, når vedgåinga er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Slik vedgåing gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn det truleg at den andre mannen er far til barnet.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).


§ 8. Farskapen eller medmorskapen kan ikkje prøvast i andre saker

Domstolar eller styringsorgan kan ikkje prøve farskapen eller medmorskapen i andre saker enn nemnt i §§ 6 og 7. Domstol eller styringsorgan kan ikkje i andre saker leggje til grunn at ein mann er faren eller ei kvinne medmora utan at det er fastsett etter lova her.

Endra med lov 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).



§ 9. Vilkåra for å seie dom i farskapssak.

Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.



Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.



Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.



Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.



Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.


Endra med lover 12 juni 1987 nr. 68, 5 aug 1994 nr. 56, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 5 des 2003 nr. 100 (i kraft 1 jan 2004, etter res. 19 des 2003 nr. 1591).


Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker Overskrifta endra med lover 16 juni 1994 nr. 21, 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).
§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten.

Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Vedgår han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet.
Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 70 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 70 femte stykket. For å fastsetje tilskotet kan tilskotsfuten utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar som trengst frå arbeidsgjevarar, Direktoratet for sjømenn, likningsstell og trygdeverk og frå forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller styrer formueverdiar.



Tilskotsfut er det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.Departementet kan fastsetje noko anna.

Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370).



§ 11. Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv ut farskapsførelegg.

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om blodprøve og DNA-test av dei og barnet. I særlege tilfelle kan den som kan vere far påleggjast å avgje blodprøve og DNA-test før barnet er fødd.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om blodprøver og DNA-testing.

Lækjaren eller jordmora som har hatt mora til svangerskapskontroll, er utan omsyn til teieplikt skyldige til å gje Arbeids- og velferdsdirektoratet slike opplysningar om svangerskapet og farskapen som departementet fastset i forskrift.

Har den oppgjevne faren ikkje vedgått farskapen, men Arbeids- og velferdsdirektoratet finn det truleg at han er faren, skal det skrivast ut farskapsførelegg mot han. Arbeids- og velferdsdirektoratet kan skrive ut farskapsførelegg mot ein annan mann som kontoret meiner mest truleg er faren. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal ikkje skrive ut førelegg når den som truleg er faren, er død eller sinnsjuk. Dersom han bur i utlandet, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet la vere å skrive ut førelegg.

Døyr barnet kort tid etter fødselen, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet la vere å skrive ut førelegg når mora er samd i det. Det same gjeld når andre sterke grunnar talar for å leggje bort saka.

Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

§ 12. Innhaldet i førelegget.

I førelegget skal stå at vedkomande vert rekna for far til barnet dersom han vedgår farskapen, jf § 4, og at saka vil bli send retten til avgjerd dersom han ikkje vedgår farskapen innan ein månad etter at han har fått førelegget.

I førelegget skal opplysast kva for rettsleg verknad det har for vedkomande og barnet at han vert rekna for faren.

Førelegget skal sendast til den utlagde faren i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at førelegget er mottatt.

Endra med lov 21 des 2001 nr. 117 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1475).

§ 13. Når saka går til retten m.m.

Arbeids- og velferdsdirektoratet skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:

a) farskapsførelegg ikkje vert skrive ut, og heimelen for dette ikkje er § 11 femte stykket.

b) det ikkje har late seg gjere å få framsendt førelegget.

c) den utlagde faren ikkje har vedgått farskapen innan ein månad etter at han tok imot førelegget.

Når farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal saka ikkje i noko tilfelle gå til retten. Mora skal få melding om vedgåinga.

Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.



Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 14 des 2001 nr. 98 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at DU at deler en kommentar/din mening her :)
Kommentarer som er direkte krenkende eller rasistiske blir ikke publisert.