Har hentet tekst fra barneloven og lovdata.no ang.utgifter ved samvær
§ 44. Reisekostnader ved samvær
Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur.
Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande. Fylkesmannen sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.
Når begge foreldra ber om det, kan fylkesmannen fastsetje at ei skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.
advokathjelp?
http://www.champbellco.no/
http://www.lovdata.no/
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for at DU at deler en kommentar/din mening her :)
Kommentarer som er direkte krenkende eller rasistiske blir ikke publisert.